Dei som ynskjer å delta kan sjølv velje tema, men det skal vere knytt til det å vere ung i dagens og framtidas samfunn. Dette kan eksempelvis vere refleksjonar og visjonar om identitet og tilhøyrigheit, utdanning og arbeid, etnisk/kulturelt/språkleg mangfald, miljø og klima, fattigdom, migrasjon, mm.
Retningslinjer for bidrag til konkurransen:
- Fritt valg mellom kronikk-/essayform (maks 10 sider, 12 pkt, enkel linjeavstand) eller dikt.
- Bidrag skal kunne publiserast i trykt form og på aktuelle heimesider.
- Innkomne bidrag blir vurdert av ein jury, og inntil 10 bidrag blir honorert med 10.000 kvar. Vinnarbidraga skal etter planen publiserast i bokform i byrjinga av februar 2020.
- Juryen får ikkje opplyst namn på kven som har skrive bidrag.
- Det er valfritt om ein vil skrive på nynorsk eller bokmål.
- Frist for innlevering av bidrag er 15. juni 2019.
- Namn, alder, epost-/postadresse og telefonnr. til deltakaren skal framgå av vedlegg til sjølve bidraget. Alle opplysningar blir behandla konfidensielt.
Bidrag skal sendast til ei av desse adressene:
Epost: post@g-kultur.no.
Brevpost: Stiftinga G-Kultur, Jerikovn. 15E, 1067 Oslo.
For meir informasjon sjå http://www.g-kultur.no/unge-royster/
Du er også velkomen til å ta kontakt med ein av av styremedlemmane i Stiftinga G-Kultur:
Knut Hovslien 9719 5148 knut.hovslien@online.no
Marit Hosar 9076 7253 marit.hosar@broadpark.no
Kjell Austin 4150 9460 kaustin@online.no