Landbrukskontoret i Lillehammerregionen
Vestringsvegen 8
2651 Østre Gausdal
Tlf. 61 22 44 00
Epost
Åpningstid sentralbord:
Man-Fre: Kl. 09.00 -15.00
Miljøplan
Miljøplan er eit system i to trinn for registrering, planlegging og dokumentasjon av miljøtiltak knytt til jordbruksdrift. Miljøplan skal føre til meir miljøvennleg jordbruksproduksjon og til at positive miljøeffektar av jordbruksdrift blir haldne ved like eller blir auka.
Forskrift om miljøplan gjeld for alle føretak som mottek produksjonstilskot i jordbruket. Manglande eller mangelfull miljøplan fører til reduksjon i utbetaling av produksjonstilskot ut frå arealstorleiken til føretaket.
Miljøplan skal vere eit verktøy for internkontroll på det enkelte føretak. Dokumentasjon knytt til miljøplanen skal oppbevarast på føretaket og skal vere tilgjengeleg i 10 år etter planårets slutt.
Trinn 1 av miljøplan gjeld for alle som mottek produksjonstilskot, og er ein føresetnad for å motta fullt produksjonstilskot. Ved avkryssing på søknadsskjema om produksjonstilskot blir det svart for om føretaket har miljøplan trinn 1 og om komplett miljøplan trinn 1 vil vere tilgjengelig innan 15. november.
Trinn 1 skal innehalde:
Kart over jordbruksareala som føretaket til eikvar tid disponerer. Forhold av miljømessig verdi (for eksempel kulturminne eller areal med risiko for tap av jord) skal vere kartfesta og dokumentert.
Gjødslingsplan og sprøytejournal for dei føretaka som er underlagt krav om dette.
Sjekkliste med rettleiing som dokumenterer at det er gjort ein gjennomgang av viktige miljømessige forhold knytte til føretaket si jordbruksdrift det siste året.
Plan med frist for gjennomføring av nødvendige tiltak (tiltaksplan) dersom det er avdekt manglande ivaretaking av miljøomsyn ved utfylling av sjekkliste.
Dokumentasjon på gjennomføring av tiltak, som viser at nødvendige tiltak er gjennomført i samsvar med tiltaksplanen.
Trinn 2 av miljøplan er ikkje knytt til produksjonstilskot, men kan vere eit vilkår ved søknad om andre tilskot i jordbruket. Trinn 2 gjeld særskilde miljøformål i jordbruket, og skal innehalde:
Målsetjing for verksemda sin miljøinnsats,
Planar for tiltak som skal fremme særskilde miljøformål,
Dokumentasjon på gjennomføring av tiltak.
