I samarbeid med jubileumsutvalget (oppretta etter initiativ frå Gausdal Historielag og Gausdal kommune) har Inge Gjevre og Trond Klaape produsert ei eiga jubileumsforestilling til 150-årsmarkeringa for Hans Aanrud sin fødsel. Gjennom ord og toner blir publikum invitert inn i eit diktarunivers, som i all hovudsak henta inspirasjon og næring frå oppveksten i Auggedalen i Vestre Gausdal.

Publikum får oppleve ein drøy times forestilling, der musikk, dramatisering, song og tekstformidling kastar ljos over mennesket og diktaren Hans Aanrud. Inge Gjevre har komponert musikken, med element frå ulike sjangrar som folkemusikk, jazz og viseprega populærmusikk. Trond Klaape har skrive åtte tekstar i poetisk språkdrakt. Desse dannar ramme og tematisk utgangspunkt for dei åtte bolkane som forestillinga er sett saman av. I møte med utdrag frå tekstar av Hans Aanrud, freistar Gjevre og Klaape å sjå diktaren og dei litterære figurane frå nye synsvinklar og perspektiv. Kan hende får publikum eit nytt og overraskande møte med forfattarskapen og det diktarkallet som Aanrud må ha opplevd?!

Sted: Gausdal kulturhus
Tidspunkt: 29.november kl. 19.00
Pris: Kr. 100,- billettene selges ved inngangen.

Les mer om Aanrudåret på www.aanrud.no